Nettbok

Annonse


Nynorsk for Linux-nerder

NettbokGaute Hvoslef Kvalnes (21) begynte å se seg lei på at få programmer kom på nynorsk, og bestemte seg for selv å gjøre noe med det. Han begynte derfor å oversette KDE-pakken.

Oversatte alt utenom hjelpetekstene

– Hva eksakt er det du har oversatt?

– Alle programma i KDE-pakken, men ingen hjelpetekstar. Det vil seia program for systemadministrasjon, grafikk, spel, internett/nettverk, hjelpeverktøy, utviklingsverktøy, multimedia, kontorprogram osv. I alt eit hundretals små og store program.

Vanlege brukarar vil nok koma mest borti nettlesaren Konqueror, e-postprogrammet KMail, kontorpakken KOffice (tekstbehandling, rekneark, presentasjon, …) og kanskje planleggjarprogrammet KOrganizer, forteller Gaute Hvoslef Kvalnes.

Annonse


En enkel jobb

– Hvor mange årsverk tar det å oversette en hel kontorpakke til nynorsk?

– Det spørst kor mykje som skal omsetjast. “Berre” programtekstane er nokså enkelt, men hjelpetekstane inneber mykje ekstraarbeid. Dersom ein vil halda kostnadane nede kan ein til dømes la hjelpefilene vera tilgjengelege berre på bokmål, og likevel få ei løysing som er grei nokfor nynorskbrukarane.

Eg reknar med at om eg hadde jobba fulltid med omsetjinga ville eg brukt to-tre månader.

Fant seg til rette i KDE

– Hvorfor har du brukt fritiden din til å oversette dette til nynorsk? Nynorskaktivist og datanerd er en ganske uvanlig kombinasjon?

– Tja, eg brukte Linux på heimemaskina og fann meg raskt til rette i KDE. Seinare såg eg kor lett det var å omsetja, så eg sette i gang.

– Hvorfor er det viktig for deg personlig?

– Eg har alltid vore nynorskbrukar og har irritert meg over at ‘norsk’ programvare alltid er på bokmål.

Et brukervennlig miljø

– Regner med at du allerede har tatt i bruk KDE 2.0. Hvorfor kan du i så fall anbefale dette grensesnittet?

– Eg har brukt det i fleire månader, ja. Linux/Unix er svært avansert, men lite brukarvennleg. Med KDE på toppen får du eit miljø som er brukarvennleg og fleksibelt, samstundes som systemet under er langt meir avansert enn til dømes Windows.

Til daglig går Gaute Hvoslef Kvalnes på ingeniørstudiet ved Høgskolen i Bergen, linje for datateknikk.

Annonse